torsdag 30. juni 2011

längtan


eg lengtar etter ein varm sommar, betre enn ti-tolv grader, regn og tåke,
etter is med pistasj-, jogurt- og pasjonfruktsmak,
etter hender som ikkje luktar plasthanskar og desifiseringsmiddel,
etter å berre ligge ute på plattingen og lese bøker eg ikkje har lese før,
etter ein kropp som ikkje har myggstikk eg vaknar på natta av å måtte klø på.

lørdag 25. juni 2011

den stora stora rädslan är inte här ikväll



og eg veit det i måten du strekker ut handa di mot mi når vi går i gatene,
og du veit det i måten eg legg handa mi midt på ryggen din når vi er på konsert,
eg ser det i auga dine før eg sovnar om kvelden,
eg ser det i dei små linjene rundt auga dine,
i smilet ditt,
høyrer det i stemmen din,
heilt anna når vi snakkar saman,
høyrer det i stemmen din når du trøster meg,
når du seier at det går over og at det blir bedre,
og du kan høyre det i min når eg fortel deg ting eg ikkje seier til andre,
vi har det i kroppene,
i hendene, i auga, i munnane, i ryggen, i magen, i fingrane,
og vi kastar ord fram og tilbake som vi meiner, aldri har det vore meint på ein slik måte,
og når vi drar heim så drar vi dit saman, til same rom, til same seng, til same verkelegheit,
og eg veit at du veit,
at no er det oss,
eg kjenner det i kyssa, i armane dine, i nærleiken av deg kjenner eg at eg aldri treng å føle meg einsam nokon gong meir.

onsdag 22. juni 2011

if you like it then you should put a ring on it



fram til eg får ekte ring på fingeren, er det desse to som foreløpig får vere med på alt det totalt sprøe og crazy eg driv med for tida (les: lever eit liv som sofapotet med kjærasten). og det er eigentleg fint nok det.

søndag 19. juni 2011

she's in love with me and i feel fine



det er sommar i nord. i ei heil veke har det vore varmt og sol, i helga har eg kokt bort, vore så varm som det er lenge sidan at eg har vore her heime, her nord. til no har eg spist stekt sei, kjørt bil, hørt på lydbok, snakka med mor mi og far min, spist is, møtt mi slekt, møtt sigbjørn si slekt, kyssa, sove, vore på kunstutstilling, sett moderne dans, vore i byen den dagen byen vaknar, dagen da festspillene i nord-norge opnar, altså i går. i dag har eg berre fått sol på kroppen og lese. eg har starta på sommerbok nummer ein, som eg ikkje har lese på mange år, beatles av lars saabye christensen. om du ikkje har lese ho, gjer det, om du har gjort det, gjer det ein gong til. nytast best med kald iste frå kjøleskapet og den her låta, særleg om det kjenst sånn her i magen, he's in love with me and i feel fine.

tirsdag 14. juni 2011

oslo, her er ein song til deg



oslo,
du er eit rom i sjette etasje i ei høgblokk, i eit av dei finaste områda eg veit,
du er 37-bussen frå bjølsen, opp til nydalen for å ta t-banen eller ned mot helsfyr for å gå av på st.hanshaugen, kanskje for å besøke heidi og caroline, kanskje til apotekergata for å gå i grensen,
eg stoler på deg, 37-bussen, du kjem alltid og du tar meg dit eg skal, stort sett,
og 54-bussen tar meg frå bjølsen til calmeyers gate, går av i ein by i regn, krysser gata og går langs anker studentbolig, forbi legevakta der eg ein gong for første gong i livet blei lagt inn med ein betennelse eg ikkje hadde kontroll over,
over trikkeskinnene til 11-12-13-trikken, opp trondhjemsveien og bortover til silje,
torsdagar i ein skinnsofa med to hunder som slikker meg i hånda for eg har ete popkorn,
torsdagar på eit tak kor ein kan sjå heile byen og eg tenker at der og der og der bur det folk som er akkurat som meg, eller heilt forskjellige,
bak alle vindauge bor folk,
nokre les dagsavisen på do, andre lagar kyllingsalat til venninnefest, nokre kjem heim frå trening, nokon kyssar, andre slår kvarandre, alle desse vindauga fører til liv som er like mykje verdt som mitt eige,
det er som luker i ein julekalender, du veit aldri kva du får,
og her bur folk,
tøyen, heimdalsgata, sofienberg, galgeberg, majorstuen, briskeby, uranienborg, ullevål hageby,
åh ullevål hageby, at eg skal dra frå deg,
vegen eg går til jobb,
ned stavangergata, opp jutulveien heilt fram til john colletts allé til den rosa skolen,
forbi brune mursteinshus med epletre i hagen,
barn som hoppar på trampoline,
eg tenker at dei må vere lykkelege,
glade fine norske barn med velståande foreldre, foreldre som har klart det,
klart det nok til at dei har trampoline i hagen og kanskje ein kanin,
og eg går vidare, oslo,
opp til blindern, der eg har prøvd å lære meg ting,
vore aleine, grått på do, gjort det bra, gjort det dårleg, snakka norsk, snakka fransk, snakka engelsk,
men eg klarte det jo, kom ut med diplom, eg klarte det jo, oslo,
det gikk til slutt,
men no stikk eg,
bort frå ein by kor folk skriv med sprittusj på veggar at "her bor den jeg fortjente, men ikke fikk" og "her bor det jeg fikk, men ikke ville ha" og eg lurer på kven som bur der og korfor nokon skriv slikt,
bort frå ein by kor jenter skriv på asfalt med kritt "du er vakker" og "SMIL!",
og dette er ein by som kan vere så inderleg fin og så inderleg vond,
som trikken til torshov etter klokka elleve kva dag som helst,
lukta av øl slår mot meg og eg ser folk med flakkande blikk og lurer på kva dei har gjort og kor dei skal,
heidi seier at oslo er som å ha ein skikkeleg kjekk kjæraste som av og til er dritbra, av og til er dritkjip, du klarer ikkje bestemme deg for kva som er tyngst, men du veit at du kan ikkje finne det ut heilt enno, for da går noko i stykker,
og eg,
eg veit at no er oslo ikkje berre ein prikk på kartet,
ikkje berre hovudstaden i norge,
ikkje berre plata der dei narkomane spring etter kvarandre med kniv ein vanleg dag i juni,
men det er byen eg kjente som min i tre år,
byen som var min heim,
medan hjartet var ein annan stad,
eit hjarte som no kjem heim,
og eg seier farvel oslo, på gjensyn,
takk for laget,
det er berre å slå på tråden,
vi høyrast.

mandag 13. juni 2011

nokre sanninger om meg

1. eg veit stort sett alltid kor eg har ting, og når eg mister noko, kan eg ikkje skjønne korleis det har skjedd, for eg har stort sett styr på kor ting er, og blir som regel satt ut av spill om det viser seg at eg ikkje anar kor ein ting er (eg mista kortmappa mi i dag utan at eg kan fatte korleis)

2. eg grin på open gate, eg grin kor som helst, på buss, på flyplassar, på jobb, på skolen, kor som helst, det er både svakt og sterkt

3. alltid når det skjer noko uventa, har eg som regel ringt pappa/mamma med éin gong slik at han/ho kan hjelpe på ein eller annan måte, no ringer eg eller sender melding til sigbjørn først, og det kjenst rart men også fint

4. eg er veldig sjenert når eg møter nye folk første gong, så ofte ser eg dei ikkje i auga, berre ser bort medan eg pratar, og det er mest berre rart

5. ofte når eg drikk kaffe, får eg ein slags rus som kan minne om den ein får etter tre-fire øl og ein vil sende meldinger til gamle lærarar og fortelje om livet no, eller ei tante du ikkje har snakka med på lenge som berre må få vite at du fortsatt er glad i ho, eg vil sende sånne meldinger og fortelje at folk er bra, heilt tilsløra av kaffe, men gjer det sjeldan for eg tar meg sjølv i det

6. før, når eg pleide å ha kjærleikssorg, hadde eg alltid hundre tusen songar å høyre på som handla om knust og ulykkeleg kjærleik, skikkeleg tunge triste greier som sjølvsagt var spot on og nokre var så like dei tinga eg tenkte at ein skulle tru det var bestillingsverk. no har ikkje kjærleikssorg, men nesten ingen songar om lykkeleg og heil kjærleik. veit de om nokre? tips meg!

søndag 12. juni 2011

to sider av same sak/same rom


her er eg. eg sitt midt i rommet, på senga, i eit rom i solskinn. om litt over tre døgn skal eg fortsatt sitte midt i rommet, på senga, i eit rom i solskinn, men i ein heilt annan by i eit heilt anna hus i eit heilt anna rom. snart bur eg ikkje meir aleine, men saman med mor mi, far min, bror min og katta mi, tango cortéz, eg lagar ikkje middag til meg sjølv, vi lagar middag til kvarandre saman, eg støvsuger stua, eg spør sigbjørn om han vil overnatte, eg les min kamp 5 på plattingen utanfor det store raude huset, eg bur ikkje lenger i eitt rom, eg bur i eit hus, i eit rom som ein gong og for alltid vil vere mitt. i sju månadar har eg budd på dette rommet, fylt det med mine ting, mine klede, min mat, mine sjampoflasker, mine tannbørster, mine ølflasker, mine drømmer, mine frustrasjonar, min kjærleik, alt som er mitt har vore her. om tre døgn er dette ikkje lenger mitt rom, min heim, det er eit tomt rom som skal stå klart og tomt til at ei anna jente eller ein gut skal vri om nøkkelen her for første gong med hjartet i halsen, komme inn i dette rommet for første gong og tenke at "dette er min heim, her skal eg bu". om tre døgn står dette rommet klart til å vere åstedet for eit anna menneske sitt liv.


og her er ein brøkdel av tinga mine. her er kleshengere, mummikoppar, sovepose, vinterdyne, klede eg ikkje skal bruke i sommar, skittentøy eg skal vaske. i boden finst esker med ibsen-bøker, vinterjakker, leksikon, oppslagsverk, conversesko, you name it. eg har pakka ned det fysiske livet mitt, og no står alt her framfor meg og nærmast ropar "kom, no stikker vi". og snart gjør vi det på ekte.

fredag 10. juni 2011

frampeik



okei, så lett som det her kan det altså gjerast: covre ei kul ska-tidleg punk-låt frå søttitalet, gjer den til din eigen, lag ein musikkvideo frå verdas finaste by, og vips!, så har du det her. det er oppskrifta på suksess. eg høyrer på songen og ser på videoen, alle dei fine stadene eg har sett, gått rundt i ein heilt annan by i eit heilt anna land og levd eit ganske anna liv, ser på plakaten min, det gamle bildet av paris et ses monuments, noko inni meg døyr av at paris ikkje er nærmare, ein kort togreise unna, men det er fredag og det regnar i oslo, høljar ned, det er siste dag på jobb og paris er hundretusen mil unna, så eg nøyer meg med songen og tenker at i go out on friday night and i come home on saturday morning kanskje er eit slags frampeik. god helg!

torsdag 9. juni 2011

om å forlate noko og begynne på noko anna

eg har kvitta meg med møbler. eg fyller rommet mitt opp med bananesker og ventar til siste slutt med å ta ned plakatane og kaste ut tv-en. alt eg eier blir målt og veid, ser på alle tinga mine for å sjekke om det er verdt å ta dei med vidare. om nokre dagar skal alt vere gjort, og eg skal sende alle tinga mine, det fysiske livet mitt, med ein trailer heimover.

eg seier "hadet" og "sjåast igjen", og meiner det. eg drar, men eg kjem tilbake for å seie hei. tar ein dag av gangen. i morgon skal eg ha siste dag på jobb, og klumpen i halsen har allereie meldt seg. tanken på at guten med det kvite håret ikkje meir skal sitte på fanget mitt og høyre meg lese verdens største fersken og donald-blad, er nok til å bli blank i auga. tanken på alle venane, alle plassane, alt eg drar ifrå, er hard, og trist, og innimellom ganske jævlig, tanken på at no satsar eg, på eit nytt studie, og ikkje minst, på kjærleiken, er stor og farleg, men kanskje aller mest veldig fin.

å få vere med kjærasten min kva tid eg vil, å lage middag til lillebror min, å få nye venar, bli kjent med ein ny by, lage nye rutiner, det er dette som skal skje. eit nytt liv skal ta til. og sjølv om det er skremmande og stort og til å gråte av, er det mange trygge faktorar over det heile, og om det går dårleg, kan eg jo uansett berre flytte til hellas og få meg jobb som servitør. men det skal gå bra. det må gå bra.

onsdag 8. juni 2011

draumar

eg draumar om:
å vere i ein gjeng igjen, om så berre for ei lita stund,
ein sommar med turar i skog og mark,
verdas beste mojitos,
å få tilbake evna til å spise heilt ordentlig,
saganaki,
å på ein eller annan måte ein eller annan gang fordype meg i "kjønnsdiskurs",
gode karakterar på eksamen,
ein jobb som gjer at eg alltid kan ha orangina og parmesan i kjøleskapet,
barn, labrador, stasjonsvogn og hytte ved havet,
å bo i eit anna land ein gong til,
hellasferie til hausten,
eit stativ eg kan henge klede på i den nye leiligheita,
eit besøk til folkemuseet, ibsenmuseet og botanisk hage,
pizza fra pizza pancetta,
å lese bøker eg vil lese,
at eg skal få til å gjennomføre prosjektet eg såvidt har begynt på, men som fortsatt føles litt teit,
at det ein dag er fleire folk enn facebook som sender meg mail,
hus på landet,
at eg kunne skru tilbake tida eitt år og kjenne på kor godt det var å vere ein gjeng med dei finaste jentene i paris,
at eg alltid får vakne med han eg vil vakne med.

kva draumer de om?

mandag 6. juni 2011

eit liv i ei liste

(liste lånt frå mariell)


namn: sigrid agnethe hansen
piercingar: hadde ein i nesa, no har eg berre hol i øyra, vanlege liksom.
tatoveringar: eit hjarte på håndleddet, ei stjerne rett ved høgrehanda og ei oldschool-mamma&pappa-tatovering på venstre side av brystet
lengd: 166 cm
skostorleik: 39/40
hårfarge: ein brunfarge som blir skikkeleg lys no som det held på å bli sommar
frekner: nei, berre hudormar...
motto: trur ikkje eg har eit, eg er for lat til å finne eit
forelska? je a!
skulle du ønska at du budde ein annan stad? ja, og det er litt derfor eg flyttar neste veke
syns du at du er attraktiv? attraktiv og attraktiv. ikkje eigentleg, men eg blir ikkje totalt kvalm av å sjå meg i speilet (som regel)
kva for shampo brukar du? TIGI bed head foxy curls og akkurat no ein frå l'oreal som skal beskytte mot sola, luktar fersken, å-her-re-gud for ei lukt!
kva for parfyme brukar du? miss dior cherie, flowerbomb, chloé og coco mademoiselle (eg er gal etter parfyme og etter å lukte godt)
kva er du redd for? ugler, å symje blant fisk og det som finst under senga mi
likar du å vaska? næh, men det er eit nødvendig onde
likar du bergogdalbaner? har aldri prøvd, men eg hatar eigentleg karusellar, alt som går fort gir meg skjelven



seinaste?
filmen du leigde? an education, i januar i tromsø
filmen du kjøpte? gudane veit, kjøper aldri film (eg er kriminell istaden)
personen du ringte? inga
personen som ringte deg? samekjærasten
tv-program du såg? hotell cæsar!!!
person du tenkte på? samekjærasten, siden eg måtte sjekke telefonloggen og der sto namnet hans



favoritt?
låt: vanskeleg å seie, men sånn av alle i verda, må det nok vere the smiths med how soon is now? kanskje, men det skiftar frå dag til dag, ein som er på topp fem er roxy music med more than this?
greie å gjera: flire, vakne ved sidan av han eg synst er finast i verda, ligge i sofaen heime og sjå dr.phil på 42-tommaren, kose med katter og halde hender på bussen
sport: badminton, den einaste eg kan
klede: behagelege truser og bluser (da eg var lita, var "bluse" eit av dei eklaste orda eg visste)
film: american beauty, lost in translation, ghost world, amélie (såklart)
vin: eg ser aldri på namnet, ser på landet og etiketten, ganske lite flink sånn sett. men eg liker ein australsk raudvin med hestar på
serie: seinfeld, twin peaks, america's next top model ......hotell cæsar.....

har du nokon gong?
grete over ein gut? ja
grete over ei jente? nei (ikkje sånn kjærleik-aktig i alle fall)
lygd for nokon? ja
vore i slagsmål? nei
blitt arrestert? nei
truffe nokon fra internett irl? ja, ganske mange faktisk, mellom anna kjærasten, mariell og ine, suksess alt saman


antal?
gongar du har vore forelska? mange nok!
gongar hjartet ditt har knust? trur ikkje det har vore ordentleg knust enno, men eg har vel kanskje trudd det eit par gongar
hjarte som har knust på grunn av deg? ingen som eg veit om (heldigvis, kunne eg levd med det?)
personar fra barneskulen du framleis har kontakt med? ingen
gongar navnet ditt har vore i avisa? ganske mange, sidan eg var ein aktiv og flink ungdom i mi tid, det har vore lite dei siste åra

seinaste?
boka du leste? is-slottet av tarjei vesaas, ei bok eg vil anbefale alle å lese, for ho er skikkelig fin
personen du fekk e-post av? frode grytten
personen du fekk brev av? kan eg ikkje hugse, men eg fikk eit postkort frå sigbjørn forrige veke
personen du fekk sms av? den tidlegare nemnte ine
gongen heile familien din åt middag saman? siste dagen i påskeferien, som var 26. april, og så skjer det igjen neste onsdag, og da har mor mi lova meg gresk mat
greia du kjøpte? solkrem, faktor 15, hadde tenkt å kjøpe kjole i dag for å feire at EG HAR EIN BACHELORGRAD!!!!!!!!!!!!!!!!!, men det får bli i morgon

søndag 5. juni 2011

siste søndag


for nokre år sidan, kanskje ti, budde kristoffer schau i eit utstillingsvindu i oslo der han hadde eit performance-prosjekt ved namn "forfall". der åt han dei eklaste ting, unngikk å dusje, og var generelt eit menneske i forfall. eg har ikkje spist min eigen føflekk. eg har ikkje trakta tran gjennom gammalt brød. eg har dusja jevnleg.

men eg har latt oppvasken stå nokre dagar. eg har begynt å bite neglar igjen. eg har ikkje tørka støv. eg har ikkje bretta kleda eg vaska tidligare i veka. eg har tilbragt utallige timar i senga, utmatta, varm, i smerte, i ein slags sorg, og meska meg i ei kjensle av noko tomt. eg har ikkje spist ordentleg på mange dagar. eg har ikkje kreftar til å setje igang og gjere ting. i morgon har eg siste eksamen i bacheloren min, og eg skal og må stå, ikkje at eg trur at det ikkje går i boks, men det er noko avgjerande over det heile. dommens dag.

eg er sliten, og av og til må det vere lov å la oppvasken stå. av og til må ein få tenke på dei triste tinga. det er vanskeleg å ikkje fortape seg i dei, motsetje seg å tenke på det. om ti dagar, er eg ikkje her meir, da er eg heime i nord med familien min og kjærasten min, og sjølv om det i seg sjølv er heilt fantastisk, får eg ein gigantisk klump i halsen berre eg begynner å tenke på alle eg skal dra ifrå og som eg kanskje ikkje ser igjen på lenge. eg har bygd opp eit slags liv her, med menneske og stader, heilt på eigen hånd, utan hjelp frå nokon andre, og no skal eg forlate det, legge det bak meg, og sjå framover.

men alt kjem til å gå fint. eg kjem til å bli vaksen og skjønne at familie er viktig. eg kjem til å slutte å bite neglar igjen. eg kjem til å ta den oppvasken, brette dei kleda, levere den eksamenen, pakke dei bøkene, vaske desse romma, og så kjem eit nytt liv. må berre halde fram. må kjempe aktivt mot forfallet. må huske å ikkje vere så streng med meg sjølv. må hugse at alt går bra til slutt. sjølv for sånne som meg.

fredag 3. juni 2011

budapest

eg har jo heilt gløymt å skrive noko om budapest-turen kjærasten og eg var på for ein månad sidan! det var sånn her (i heilt tilfeldig rekkefølge):

1. budapest sin finaste kafé (av dei få eg prøvde ut), var definitivt gerbeaud, kor dei hadde store kaker og heimelaga is og god kaffe. i tillegg var det som å setje ein fot inn i ei tid som for lengst er over, med lysekroner og utsmykningar heilt fjernt frå ein moderne stil.


2. ein kveld gikk vi på paprika, ein restaurant rett ved der vi bodde. her har eg fått meg eit trau med mat (eg hadde ærleg talt ikkje trudd at porsjonen skulle vere så svær). transylvansk grillmat.


3. bakgården til leiligheta vi bodde i, kor det var fire meter under taket og minna om ein moské.


4. budapest blir delt av elva donau, i delane buda og pest. her kan ein sjå parlamentsbygninga på pest-sida, sett frå borgdistriktet på buda-sida.


5. på pest-sida finn ein st.stefan-basilikaen, eit dunderfint bygg for alle som liker overdådig kirkearkitektur, som meg sjølv.


6. kake frå tidligare nemnte gerbeaud. appelsinis = så sjukt godt!


7. sigbjørn var kjekk og fin på metroen.


8. den eine dagen vi var der, var det varmt (det var stort sett vind) og den dagen det var fint, gikk vi til byparken og spiste jordbær og hadde bare tær.


9. ein annan dag gikk vi til margit-øya, for å sjå japanhagen (min idé). det var heilt sjukt langt å gå og kanskje ikkje heilt verdt det, men det var fine trær å sjå på vegen.


10. den siste dagen var vi i borgdistriktet på buda-sida. her kan ein sjå delar av fiskerbastionen.


og slik var budapest! pluss masse gulasj, kjærasteri, ekkelt vatn, litt trening, tetris, "in treatment" og pittelitt meir kjærasteri, slik det skal vere. og sånn var det!

torsdag 2. juni 2011

pst!

eg har fått twitter (for å få tida til å gå). følg meg her, da vel!

karma?


i går fikk eg endeleg bekrefta noko eg lenge har trudd: ibsen og eg høyrer saman. eg var uovervinneleg, eg hadde klart det og eg hadde klart det bra, eg låg i senga og boksa ut i lufta og var rocky balboa da det gikk opp for meg at det hadde gått bra. eg tok bussen til silje for å drikke vin og feire meg sjølv, høyrte på the margarets på vegen og tenkte at eg skulle skrive eit sjukt fint innlegg om the margarets, gikk til silje og drakk vin og spiste popkorn og tenkte at av og til finst det dagar der ein må berre ta seg i nakken og komme seg ut og skjerpe seg og så går det bra, og så kan alt som MÅ gjerast, vente til ein annan dag.

i dag vakna eg, for andre dag på rad med ei intens smerte rundt visdomstanna som ikkje var på veg ut enda, tenkte at nok fikk vere nok, ringte tannlegeakutten og sa at eg hadde fått betennelse og måtte ha time med ein gong. eg gikk heimefrå og til årvoll, fin veg, fint ver, fin tur, kom fram. tannlegen så litt på meg og så sa han at her er det to ting ein kan gjere, og det eine er å fjerne tanna. slik blei det. no har eg ei tann mindre, betydelege færre norske kroner på konto, ei bøtte ben&jerry's og ei infernalsk smerte som etter sigande skal vare i fleire dagar. akkurat no er eg tilbake til å hate livet litt igjen. (ironisk nok sa tannlegen at eg mest sannsynleg hadde fått betennelsen på grunn av stress, han skulle berre ha sett det forrige innlegget mitt.)