tirsdag 29. mai 2012

sommarferie

våknar av lyden av snø som fell ned frå taket og lagar eit umiskjenneleg bang! utanfor soveromsvinduet. det er den første ordentlege dagen i sommarferien min og eg vaknar av snø som fell. ein kan seie mykje om global oppvarming, men at vi i nord-norge haustar fruktar av den, er ei løgn.
eg skal med andre ord ikkje bruke sommarferien til å ligge i parken og sole meg og ete jordbær, for det går faktisk ikkje an med mindre ein vil ha urinveisinfeksjon. ikkje no. men det som går an, er å lese korrektur, lese ragnar hovland-bøker, jobbe med musikken, forsøke å skrive ei bok, rocke rockering.
eg kjem sterkare tilbake.

torsdag 24. mai 2012

måsen og eg, del ein.



i kveld har måsen og eg sett på semifinalen i eurovision song contest. vi heia sjølvsagt på norge, og litt på sverige, også likte måsen slovakia fordi vokalisten var vegetarianer. det syntes måsen var veldig sympatisk. ellers har eg spist saltstenger, men det fikk ikkje måsen, for da får han ondt i magen og må fise heile tida. og måsefis, det gidd eg berre ikkje. det var alt vi hadde å seie for i dag, over og ut.

tirsdag 22. mai 2012

eksamensangst.

sjølv om det ikkje virkar sånn akkurat no eller akkurat i dag, så finst det eit liv etter eksamen. eg er stort sett sånn som disponerer den veka eg har fått til rådigheit på ein ganske avslappande måte, som vil seie at eg slipp å sitje foran dataen og skrive kvar dag. nokre dagar må hjernen ha pause til å tenke nye tankar. i dag har det vore skrivedag og i starten av side sju blir dagens punktum sat. og så går resten av dagen og eg klarar ikkje slutte å tenke på alt eg ikkje har skrive, alt eg ikkje har fått med, alt eg ikkje forstår, heile tida tanken på at eg ikkje svarar på oppgåva, og at det er heilt idiotisk at eg har søkt master til hausten. pinar meg sjølv innvendig, sjølv om det så langt i løypa ikkje har vore grunn til å gjere det. men eg seier det, ein gong for alle: eksamen er noko dritt.
heldigvis finst det eit liv etter eksamen, frå fredag er det sommarferie. det hjelper å tenke på at det kjem ein tre månadar lang ferie med tomrom til å lese kva som helst kva tid som helst, til å sove så lenge eg vil, leggje meg så seint eg vil, trene kva tid eg vil, sykle kva tid eg vil. det kjem ei tid da denne veka med smerte berre vil fortone seg som ein bokstav på eit papir gjøymt bort i eit brannsikker arkiv, ei veke, 168 timar med vekslande tru på meg sjølv, som til slutt berre er litt blekk på eit papir nokon har skrive ut, slik dei skriv ut tusen liknande papir i året. ein dag betyr dette ingenting meir. gledar meg til den dagen.

lørdag 19. mai 2012

vi kaukar gjennom natta



i går var eg på etnodisko, i kofte og grønne paljettconverse. sidan da har eg hatt den her songen på hjernen, og no overførar eg den vidare til deg som les dette. den får meg til å ville kle meg som pocahontas og springe i skogen med alle skogens dyr (sjølv om eg stort sett er redd for dei fleste) og skrike vårropet ut frå ein bergskrent så bølgane i elva ikkje lengre er heilt sikre på at det er elva som skapte dei, kanskje var det hylet, kanskje var det eg.

onsdag 16. mai 2012

snart den store dagen!


og der! har eg pakka baggen, og oppi baggen ligg alt dette her stæsjet! i dag drar eg nemlig heim til harstad for å feire 17.mai med familien min og veronica. sola skinn, eg har strømpebukser utan hol i og kosar meg med ein kokosjogurt. livet leker.

(og her kan de lese festivalbloggen der eg gjestebloggar i dag!)

mandag 14. mai 2012

beatles: 1.



det er nyttårsaften og eg er ni år, det har akkurat blitt eit nytt år og eg er stor nok til å fortsatt få lov til å vere våken etter rakettane er skutt opp, men eg blir trøtt fort og foreldra mine venter sikkert berre på at eg skal sovne i sofaen hos venane deira slik at dei kan prate ekte voksenprat utan at ungane høyrar det,
men før eg rekk å sovne, skal faren i huset sette på noko musikk. eg harkar fram noko rusk i halsen og seier "kan du ikkje sette på...beatles?" beatles, som eg berre har høyrt om, men aldri høyrt, og han har to dobbelalbum, eit raudt og eit blått, han sett på det raude og ut strømmar love me do, dei enklaste engelske orda eg har lært meg kjem ut frå høgtalarane, "love love me do/you know i love you/i'll always be true/so please, love me do",
og der og da veit eg det,
ni år og nyttårsaften og øyra mine høyrer noko for første gong hjernen aldri skal gløyme,
mor mi og far min og bror min og eg tar sparken heimover, gjennom nordnorsk nyttårsnatt,
vi er fire i familien, akkurat som i the beatles,
john, paul, george og ringo,
og mens eg sitt på sparken i bakkane ned til heimen min tenker eg:
"æ skal bynne å høre på beatles."

det blei lys.

tirsdag 8. mai 2012

H E I !


hola, folkens! i dag da eg logga inn her, fikk eg ei gledeleg overrasking, kva statistikk gjeld. denne statistikken skiljer seg frå den type statistikk eg las i fjor i metodefaget, for det var mest berre kjip lesing, men det her, det var bra. det kjem nye lesarar hit og det er eg skikkeleg glad for! det er like godt i magen som ein kurv med jordbær. og ein av dei artigaste tinga med å få nye lesarar, er å seie hei! til dei og så seier dei hallo! tilbake. så HEI! velkomen hit. kan ikkje du som les det her seie hei og så seie eit par ting om deg sjølv? det hadde eg blitt så glad for! eg kan starte, så blir det ikkje så flaut.
hei!
eg heiter sigrid agnethe og da dei spurte meg i barnehagen om eg kunne skrive kva for mat eg likte best, skreiv eg "saltfisk med potet gullerot å beiken". det er det fortsatt. eg elskar havet, the smiths, miljøvern, stilongs og sigbjørn. eg likar ikkje folk som tar opp bussete med veska si, å høre på andre folk sine kranglar, sushi, matematikk og å henge opp klede frå vaskemaskinen.
din tur!

mandag 7. mai 2012

mandag, type kjøttfri



inspirert av hanne blei dagen i dag ikkje berre ein grå og regntung mandag, men også ein kjøttfri mandag. da eg budde aleine, hendte det ofte at eg laga kjøttfrie middagar, men no blir det oftast slik at vi spis kjøtt til middag. og det synst eg er heilt fint og eg er veldig glad i dei fleste typar kjøtt, men eg synst også det er fint å kunne ete vegetarisk innimellom. ikkje nokon stor filosofi bak, altså, berre ei avveksling. og avveksling er fint.

uansett! eg lagde samosa til middag. eller eit forsøk på samosa i alle fall. og det er så lett og så supergodt at det burde alle andre også lage, eigentleg. så her kjem den første oppskrifta eg nokon gong har lagt ut her!:

du treng (til omlag 10-15 stykker)
4-6 kokte potetar, kutta i terningar
100 gram grønne erter
ein finhakka lauk
to finhakka kvitlauksfedd
grønn chili kutta fintfintfint (her kan ein velje litt sjølv etter kor glad ein er i sterk smak, eg brukte ein heil)
ein liten bit fersk ingefær, omlag ei teskje (her kan ein velje litt sjølv etter kor glad ein er i ingefærsmaken, sjølv synst eg det kan bli litt for mykje av det gode om ein overdriv)
så mykje fersk koriander du berre vil
ei teskjei gurkemeie
ei teskjei garam masala
litt spisskummin
litt salt
vårrullpapir (her har eg juksa litt, for eigentleg skal ein lage ein eigen deig, men vårrullpapir var lettare tenkte eg)
smakfri olje til steiking
(om ein vil ha andre grønnsaker i eller kjøtt for den saks skuld, så er det sikkert berre å peise på med det ein sjølv synst er godt, eg har berre prøvd med desse, sjølv om planen eigentleg var å bruke kikerter.)

slik gjer du!
1. kutt potetar i terningar og bland dei i ein bolle saman med ertene
2. finhakk lauken, kvitlauken, ingefæren og chilien. steik lauken til den blir gylden og mjuk, tilsett så kvitlauk, ingefær og chili. når alt er mjukt og fint, tilsett du krydder. la lauk-blandinga kjøle seg pittelitt ned før du blandar det saman med potet- og erter-blandinga.
3. tilsett fersk og oppkutta koriander i blandinga og bland godt.
4. legg ei spiseskjei pluss på vårrullpapiret og brett i den fasongen som passar deg (dei skal jo teoretisk sett vere trekanta, men det fikk eg rett og slett ikkje til, så mine blei rektangulære. men det er jo smaken som er det viktigaste). pensle med egg eller vatn for å lime kantane.
5. steikast i smakfri olje. typ frityrsteikast. og så kan du legge dei på matpapir slik at dei får rent av seg før du et dei.
6. et. nyt!

takk for meg, helsing sigrid the chef.

lørdag 5. mai 2012

i've got a bike you can ride it if you like it's got a basket a bell that rings and things to make it look good


i dag, veit de. i dag har eg brukt sparepengane mine på den aller beste måten ein kan bruke sparepengane sine på: noko nyttig og fint og miljøvennleg. det blei ein sykkel! (også på sykkelens dag!) ein gul damesykkel med sju gir frå 1996 som føltes heilt kingkongtipptopp å sykle på. dessutan har den kurv. det som er bra med å ha sykkel, er mellom anna at det er fint å sykle, at eg slepp å stå og vente på bussen som er treg (dessutan slipp eg å betale!) og så har eg høyrt at ein får fin rumpe av å sykle. mange gode ting, altså! no kjem livskvaliteten til å stige rett til vêrs. de kan kanskje skjønne at eg er nøgd? for det er eg. har ikkje vore så nøgd sidan håkan hellström-konserten 5.mars 2011.

(her og her kan de høyre songar om å ha sykkel. og hugs: anyone who rides a bike is a friend of mine.)

fredag 4. mai 2012

smil på ein fredag



uansett kva som skjer, må vi aldri gløyme at denne songen finst.

torsdag 3. mai 2012

torsdag: det löser sig


i dag er ein sånn dag kor steinar i magen lettar:
- eg fikk bytte boka eg hadde kjøpt feil og fikk kjøpe ny bok pluss ei sminkemappe med plass til alt som til og med var fin. pluss at da eg hadde fått hjelp til å finne fram boka eg skulle ha, ropte mannen som hjalp til "LYKKE TELL!" og da svarte eg "teeeenk ju" på nordnorskengelsk
- eg snakka om målsaka med forelesaren min mens vi spiste felleslunsj med resten av dei frå programmet som ville det (eg fikk dessutan den siste resten av havregrauten dei hadde i kantina, blir uhørt glad av slikt, alltid leit når eg skal ha lunsj og dei er tomme)
- den kvinnelege forelesaren sa "så pen du e i dag!" før eg skulle halde framlegget mitt og eg berre who ho hoooo og så eide eg det framlegget
- eg fikk innsyn i søkarstatistikken til studiet eg har søkt til hausten og plutseleg fått trua på at eg kanskje kan få plass
- eg laga vegetarsamosa til middag og det blei skikkeleg godt og eg bare high-fiva meg sjølv
- eg bestemte meg for å slutte fred med ein av mindre indre demonar og no føler eg meg omlag tre kilo lettare (men det er tre kilo frå magen, altså!)

moralen er: stå opp klokka 8 og kle deg fint, så ordnar alt seg.

tirsdag 1. mai 2012

utgang april, inngang mai

kanskje nokre gongar er det greit at det snør i mai.
kanskje nokre gongar er det greit at snøen legg seg på augevippane dine, at du går gjennom kvit ny snø i grønne støvlar, at du kan sitte inne og sjå ut og sjå snøen dale dale dale (kvil i fred, alexander dale oen).
kanskje roar det meg at noko anna er i ulage, ikkje berre eg, for snø i mai, det får meg til å tenke at noko ikkje er som det skal, eller kanskje er det som det skal, her nesten 70 grader nord, og kanskje hadde eg berre gløymt at det var sånn her det skulle vere, vår i nord, snø som legg seg og held deg inne.

og kanskje skal du berre ligge inne på ein sofa og sjå i taket og tenke deg om. tenke på om ting endrar seg, om du kan bli vaksen, om du kan slutte å bry deg, om du kan få vekk den vonde klumpen i magen kvar gong du møter den personen, om du snart kan stå opp for deg sjølv og seie til deg sjølv at det er du som vinn til slutt, ikkje tru noko anna.

du kan tenke på at du snart er 23 og at 23 er ingen alder, men likevel er det det, mor di fikk deg da ho var 23, du burde vere på veg ein stad, og det er du, du er på veg ein stad, det må du skjønne, det er så mange ting du er nødt til å skjønne, og to av desse tinga er: det kjem til å snø på ukurante tider når du har busett deg på nesten 70 grader nord. du er ei vakker jente med eit hjarte som elskar meir enn du kan forklare.

ta det til deg,
ver så snill.