mandag 20. mai 2013

om å vere eit vanedyr


eg har lese fleire plassar at om ein spis ein ting ti gongar, så kjem ein til å ta til å like den tingen. eg har også lese at det tar tre ukar å innføre ein vane. sjølv synst eg det er noko vakkert med vanar og noko deilig med rutiner. eg synst det er godt å ha ferie, men ofte kan eg bli rett og slett lei meg når eg har tomme dagar utan planar. det passar meg godt å ha ein slags oversikt over kva eg skal gjere og kva tid eg skal gjere det, med eit visst slingringsmonn. å bu saman med eit anna menneske gjer at dei vanane eg hadde da eg budde aleine, blir erstatta av nye vanar. det er trygt og godt å vere ein del av ein organisme beståande av to personar. det er heimleg og bra.

til helga drar eg på datainnsamling til masteroppgåva mi og blir borte i ein heil måned, og det har eg gleda meg til lenge. eg har tenkt på oslosommar og bare bein i graset på st.hanshaugen, på interessante intervju og på å møte alle venar eg ikkje har fått tid til å sjå eller henge med sidan eg flytta. men dei siste dagane har det kome ei ny kjensle inn i det heile. eg gruar meg til å vere borte frå sigbjørn. frå å vere borte frå vanane våre. frå å berre vere meg og meg aleine i ein heil månad. det er kanskje ikkje nødvendig å seie at eg har separasjonsangst frå ei anna verd. pustar med magen for å få det til.

søndag 5. mai 2013

Om ekte mannfolk og avisa Nordlys

Screenshot frå nordlys.no



Gjennom venar fikk eg tips om denne saka i går kveld. Glamourmodellen og sexspaltisten Camilla Fors har tatt på seg det selsomme oppdraget å lede eit slags menneskeleg oppussingsprosjekt i ein web-tvserie med namnet "Heteropatruljen", som openbart speler på det tidlegare prosjektet "Homsepatruljen". Målet med serien er å finne ekte mannfolk, og som ein kan lese i sitatet over, er ekte mannfolk menn som drikk øl og ser på fotball saman med kompisane sine. Eg fikk såklart hjartet i halsen da eg las det, i og med at han eg sjølv skal gifte meg, er avhaldsmann. Det må jo vere det første teiknet på at han ikkje er eit ekte mannfolk.

Men altså, spøk til side. Eller, ein skulle jo nesten tru det heile var ein spøk. Og ein skikkeleg dårleg ein, ein ekstra billig. Å sende ein glamourmodell rundt i Tromsø sine gater for å finne menn som treng ei skikkeleg oppstramming, eit skikkeleg ballespark for å forlate sine mjuke sider og bli ekte mannfolk. Drit i feminismen, gutar, de har blitt hjernevaska! Gløm mjuke verdiar, gløm å ta oppvasken etter middagen dama di laga, dra heller på fotballkamp med gutta, og hugs å ha skikkeleg brei beinstilling medan du gjer det, så ingen skal tvile på at du er ein ekte mann. La det aldri vere nokon tvil!


Okei, eg prøvar meg på nytt: Spøk til side. Kva er det som er galt med det her? (Sjølv spør eg meg vel eigentleg "kva er det som er rett med det her?", men det er vel kanskje to sider av same sak.) Er det ikkje berre eit uskuldeg og artig påfunn med glimt i auget? Nei. Det synst eg ikkje. La oss ta det første først: Kjerna i det heile er tanken om "ekte mannfolk". Desse "ekte mannfolka" har interesser, interesser som skiljer seg sterkt frå kvinnfolk sine interesser. Ekte mannfolk skal ikkje drikke vin, dei skal drikke øl. Ekte mannfolk skal sjå på fotball med kompisar, ikkje sitte heime og halde kjærasten i handa. Ein ekte mann har ein kjønnsrolle å forholde seg til, og det er det lite rom for variasjon. Det heile dette påfunnet seier er "SLIK ER EIN MANN".

Spørsmålet mitt er: Korfor? Korfor treng vi å stadig finne på nye måtar å manifestere kjønnsrollar på? Korfor er ein mann mindre mann om han er feminist? Korfor er det ein svakheit? Og korfor tenke ut ifrå ein evig stigmatiserande modell som setjer opp meir eller mindre unaturlege skiljer mellom kvinner og menn? Eg blir, unnskyld uttrykket, jævlig sliten og lei av at dette faktisk er gyldege spørsmål i 2013. Eg trudde faktisk vi hadde kome lengre. Kanskje eg lever i eit politisk korrekt boble kor å vere mann og feminist gir stjerne i boka. Det er jo for øvrig heilt sjukt, at eg må føle eit behov for å belønne menn som er feministar, akkurat som at det skulle vere eit paradoks, at feminisme skulle vere forbehaldt kvinner. Å jobbe for like rettar for kvinner og menn og ein tankegang om at kvinner og menn er like mykje verdt, skulle i seg sjølv vere heilt naturleg og gjelde for alle.

Slik er det openbart ikkje. I Nordlys sin serie med akk så mykje glimt i auget seier dei rett ut at det er for mykje feminisme blant menn. Det må vi få ei ordning på. Heldigvis står Camilla Fors beredt til å hjelpe dei stakkars menna ut av uføret. Det er det Nordlys kommuniserer ut med det her prosjektet. Dei er med på å oppretthalde skiljer som ikkje nødvendigvis treng å finnast, og ikkje minst kjempar dei for å behalde stereotype kjønnsrollar og kjønnsideal. Det er verkeleg synd at dei synst at det er verdt å bruke kapasitet og pengar på eit slikt prosjekt, og på å framme eit slikt verdisyn. Eg trudde verkeleg vi var kome lengre. Eg tok feil.